Skip links

ME SØKJER ERFARNE GRAVEMASKINFØRARAR/GRUNNARBEIDARAR

Sidan 1979 har maskinentreprenørbedrifta Bråtveit Entreprenør tilbode ei rekkje tenester til våre kundar i Sandnes, Stavanger og omland. Me leverer vårt totale tenestetilbod til både privat- og bedriftskundar, og er fast leverandør av alt innanfor graving for det norske teleselskapet Get AS blant anna. I over 35 år har me vært stolte av å kunne levere kvalitet til våre kundar i Stavanger og Sandnes. Me fokuserer på å ha open kommunikasjon med våre kundar, og rettleiar gjerne kundar før, under og etter prosjektet. Bråtveit Entreprenør blei i 2017 etablert som eit AS og opplever kontinuerleg sterk vekst og auka oppdragsmengde. Derfor søkjer me nå etter fleire gravemaskinførarar og grunnarbeidarar som ønskjer å bidra til framleis utvikling og vekst for bedrifta vår.

ER DU VÅR NYE GRAVEMASKINFØRAR/GRUNNARBEIDAR? SEND OSS DIN SØKNAD OG CV.

Kvalifikasjonar

  • Beherske norsk skrifteleg og munnleg
  • Maskinførarbevis er eit pluss
  • Førerkort Klasse B
  • Relevante kurs
  • Fagbrev eller fagleg kompetanse er eit pluss

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst og påliteleg
  • Fleksibel

Me tilbyr

  • Konkurransedyktige føresetnadar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Variert arbeidsdag og varierte arbeidsoppgåver

CV

Søknad